Selskapslokale

Selskapsavdelinga er i den gamle tømmerhusrekkja frå 1740. Låven og fjoset er ombygde til gjesteromsavdeling (L1 – L24 = 8 rom), fem stoger for selskap, kjøken, garderobe, tre toalett. Forstoga er fellesareal når det er fleire selskap på same tid. Dersom ein vil ha alle lokala for seg sjølv, må ein vera minst 50 gjester eller betale kr 200 pr gjest som manglar på 50. Likevel vil vertskapet ta unna retten til å servere inntil 8 gjester i gjesteromsavdelinga. I dei fleste tilfelle er det likevel berre eitt arrangement om gongen 

Salomos Høysal

Små selskap (under 30 gjester) kan haldast i Hattemakarsalen (50 kvm) som er i underetasjen. I tillegg vil ein få Kjellarstoga (20 kvm) til disposisjon. Musikkanlegg med kassettspelar og CD-spelar. Lerret ned frå taket.

Store selskap (opp til 80 gjester) kan haldast i Salomos Høysal som er ein gildehall på 75 kvm, innreidd i den gamle tømmerlåven. Skiftande, dels stor takhøgde. Fullisolert med stor peis og opplyst av 60 stearinlys, dels som rekkjer av kandelabrar på veggane. Flygel: Förster. Musikkanlegg: Profesjonelt, 2 x 400 w høgtalarar, miksebord, mikrofon. Kablar for tilkopling av lap-top og mobil. Lerret: 2 x 2 m, fastmontert på vegg.
Over Salomos Høysal er det ein salong, Trevet , som galleri midt over salen, 20 kvm.

Salomos høyssal
Salomos Høysal
Salomos høysal