Middagspakke, festpakke

Førespurnadsskjema / tingingsskjema

Middagar på serveringssted Uppigard Natadal byrjar med at verten ynskjer velkomen til bords og kjem med forteljinga om maten. Dette er ikkje alltid aktuelt i høgtidelege selskap.

Dersom gruppa (over 10 pers) tek ein trerettars middag, får ein full MIDDAGSPAKKE inkludert i prisen.

Denne omfattar: 

  • Muntert kulturhistorisk kåseri (Berre etter avtale) 
  • Omvising på tunet og evt. i kulturlandskapet (Berre etter avtale) 
  • Trerettars middag blant dei som står under MENYAR. Hovudrett blir servert to gonger 
  • Kaffi. 
  • Festlokale til disposisjon i tre timar 
  • Fin oppdekking med dukar og lys.

Etter ein middag på Uppigard Natadal er det noko godt i alle!

Til fødselsdagar og åremålsfeiring tilrår vi:
FESTPAKKE (Kr 760, gjeld i år 2020 og 2021)  
Barn under 12 år halv pris.
Denne omfattar

  • Mottaking i Gamlestoga, evt. med aperitiff etter ynskje. Tillegg ca kr 50. 
  • Muntert kulturhistorisk kåseri i Gamlestoga. Ca 30 minuttar. 
  • Festbordoppdekking med: 28 stearinljos på veggane, finare dukar, kandelabrar, blomar, sylv, større serviettar + flagging. 
  • Verten ynskjer velkomen til bords og fortel forteljinga om maten (Som ofte er både eigenprodusert, heimelaga og i lokal tradisjon. Det vil seie mat som vil kunne henrykke englane). 
  • Trerettars middag med hovudretten servert to gonger. Veljast blant dei rettane som står under MENYAR. Tillegg dersom hovudretten kostar meir enn kr 250. 
  • Fri bruk av mineralvatn (brus) i åtte timar. Gjeld også som som blandevatn (mineralvatn) i baren. 
  • Ekstra kaffiservering rett etter middagen. 
  • Kaffi, lefse, marsipankake, kransekake. 
  • Fri anretting av medbrakte kaker 
  • Nattmatsuppe med loff (Må avtalast særskilt) 
  • Fri bruk av lokala så lenge ein ynskjer 

Pris på modulane i middagspakke og festpakke (pr kuvert):
(Desse kan setjast saman etter ynskje som tillegg til middagspakke

     Festbordoppdekking 70 kr 
        Fri bruk av mineralvatn (brus) 65 kr 
        Dessertkaffi 35 kr 
        Marsipankake og kransekake 85 kr 
        Servering av medbrakte kaker 30 kr 
        Nattmat m/loff 125 kr 
        Bruk av Hattemakarsalen pr time utover 3 timar: kr 260
                    (Kan sparast inn ved kjøp av øl/vin for 700 kr) 
        Bruk av Salomos høysal pr time utover 3 timar: kr 525
                    (Kan sparast inn ved kjøp av øl/vin for 1300 kr) 

Levande musikk kjem i tillegg (Hardingfele: kr 1400, dansemusikk: Frå kr 7000). Elles frå musikkanlegg. 

Førespurnadsskjema / tingingsskjema