Jentetur/kulturtur

På garden kan du oppleva tradisjonell gardsdrift i eventyrlege omgjevnader. Me byr på ein stor dose kunst og kultur, eigenprodusert mat, badestamp under stjernene og ein personleg atmosfære for deg som søkjer inspirasjon og sjelefred.

Døme på kulturtur eller jentetur:

Kl 12.00 Muntert kulturhistorisk kåseri om arkitektur, overtru og kulturelle vandringar.
Kl 12.35 Omvising og eventyrforteljing på tunet.
Kl 13.00 Heimelaga ertesuppe og rundstykke til lunsj.
Kl 14.00 Moro med ull. T. d. lage sitjeunderlag på Telespinn i Svartdal. V/Bjørg Minnesjord Solheim. Kvar må betale sine materialkostnader. Bruk eigne bilar til Svartdal, 4 km. Høve til å handle produkt av ull og Mohairgeit-ull. 
Alternativ aktivitet kan vera ølsmaking med Fjellbryggeriet.
Gruppa kan dele seg mellom desse to aktivitetane.
Kl 16.00 Kultursti som lagtevling. Med aktivitetar som vasslekkasjehindring, hesteskokasting, øksekasting og ro-tevling. Ei flaske musserande vin til beste lag.
Kl 17.30 Tid til eigen disposisjon.
Kl 18.45 Mottaking med aperitiff i Gamlestoga.
Kl 19.00 Trerettars middag i Salomos Høysal, basert på gardens produkt.
Kl 21.00 Lære å danse telegangar til hardingfele.
Kl 22.00 Tid til eigen disposisjon.
Kl 24.00 Boblebadestamp under stjernene, finsk vedfyrt honningbadstoge. Allsong rundt bålet i stampehytta. Overnatting i tosengsrom.
Kl 10.00 Frukost.
Kl 11.00 Galleribesøk: Hjå Ellen Grøstad Barstad på Nutheim, Eva Bull Holtes museum eller Seljord Kunstforening.(Inngangspengar, kr 100 pp, ikkje med i pakkeprisen)
Kl 13.00 Heimreise.


Pris for denne pakka: 6 – 15 personar:Kr 1760 pr. person. 16 – 25 personar: Kr 1575 pr. person.
         Minstepris: Kr 16 800

Døme på Utdrikkingslag med kultur:

Kl 13.00 Heimelaga ertesuppe og rundstykke til lunsj.
Kl 14.00 Muntert kulturhistorisk kåseri om arkitektur, overtru og kulturelle vandringar.
Kl 14.35 Omvising og eventyrforteljing på tunet.
Kl 15.00 Oppdressing av brura til gardkjerring.  Høyhopping. Brura tek fjøsarbeid.
Kl 16.00 Kultursti som lagtevling. Med aktivitetar som vasslekkasjehindring, hesteskokasting,
øksekasting og ro-tevling. Ei flaske musserande vin til beste lag.
Kl 17.00 Brura blir honninginnsmurt og heita opp i finsk, vedfyrt badstoge. 
Kaldtvassbading/isbading i gardens tjern. Opptining av brura i badstoga.
Kl 17.30 Tid til eigen disposisjon.
Kl 19.15 Mottaking med aperitiff i Gamlestoga.
Kl 19.30 Trerettars middag i Salomos Høysal, basert på gardens produkt.
Kl 24.00 Boblebadestamp under stjernene, badstoge. Allsong rundt bålet i stampehytta. 
Overnatting i tosengsrom
Kl 10.00 Frukost. 

Pris for denne pakka: 6 – 15 personar: Kr 1470 pr. person.  16 – 25 personar: Kr 1395 pr person. Minstepris: kr 14700. Drikke må kjøpast på garden og kjem i tillegg